No strøymer det på med protestar, les vi i Vestlandsnytt. Guttorm Oksavik, som eig og driv gardsbruket Oksavika, skriv i ein merknad at anlegget vil bli eit skjemmande framandelement i ein fin og vakker natur. Han viser også til det tradisjonelle laksenotfisket i området. Styret i Skredestranda grendalag fryktar for å miste dei plassane der bygdefolket kunne få seg kokefisk. Dei viser også til at mange firma som satsar på torskeoppdrett legg ned og at det enkelte stader ligg delvis skjemmande restar av slike anlegg.