Brørne er begge i 20-åra. Trøbbelet starta då han som seinare blokkerte naudsambandet ringte politiet rundt klokka 00.30 fordi han ville ha broren fjerna frå bustaden sin. Meldinga gjekk ut på at broren var trugande. Politiet kom til staden, henta broren og køyrde han heim til bustaden sin i ein annan kommune. Dermed skulle ein tru at saka var løyst. Men det var ho ikkje. For frå bustaden sin i Ulsteinvik heldt mannen fram med å ringje. Og no var bodskapen at broren hadde tatt med seg ting som han ikkje eigde. Gang på gang ringde han naudnummeret til politiet, og når han ikkje fekk respons der, ringde han naudnummeret til brannvesenet. Også dette gong på gong. Situasjonen vart etter kvart heilt uhaldbar, og det enda med at politiet måtte ta seg ein ny runde til bustaden. Denne gongen for å setje innringaren i arresten.