Kritikken har hagla mot Norled etter at det vart kjent at den tredje ferja ikkje kjem på plass før i august, om tre månader.

– Tolmodet mitt er over. Norled er arrogante, og dei dreg ut saka, fortalde fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde under andre dag av fylkestinget i Ulsteinvik.

Dette får regionsjefen for ferjer i Norled, Inge André Utåker, til å reagere.

– Dette kjenner eg meg ikkje att i. Vi sende tilbod til Møre og Romsdal fylkeskommune i november, som vi ikkje fekk nokon merknad på. Hadde fylket gått for dette hadde ei tredje ferje (Høgsfjord) allereie vore på plass i mars. No har vi i staden vore nøydde til å leite etter ei større ferje, som ikkje finnast ute i marknaden akkurat no. Vi har spurt fylket fleire gonger, og har ved fleire høve prøvd å få i stand eit møte med Statens vegvesen og fylkeskommunen. Vi får ingen svar. Det irriterer meg også kraftig at fylkespolitikarane kjem med slike utspel, men sjølve ikkje løftar ein finger for å gjere noko konkret med det.