Under ein kontroll i Hareid sentrum stoppa politiet ein lett motorsykkel, fordi denne ikkje hadde skilt.

- Føraren hadde heller ikkje førarkort, melder Tor Andre Gram Franck i Sunnmøre politidistrikt.

Det var ein gut i tenåra frå Hareid som var førar av sykkelen. Han får oppretta sak mot seg etter hendinga.