Torsdag 30.april kjem organisasjonen MOT på besøk til Ulstein med sin Norgesturné. På scena står proffe musikarar med MOT-ambassadør og vinnar av X-faktor, Chand, i spissen. På fleire av låtane får han med seg Ulstein TenSing som har øvd inn både refreng og vers på fleire MOT-songar. Ulstein sin eigen MOT-ambassadør, Chris Masters, er også klar for å vise seg fram for ungdommane i heimkommunen:

- Dette blir kjempegøy, seier hip hop-artisten Chris, som er kjend for mange gjennom NRK-programmet «Da KORK kom til bygda». 22-åringen kom nyleg mellom topp ti i kåringa «Musikkprisen 2015» med si sjølvlaga låt «Take It Home». På MOT-scena stiller han med «6060»-produsent Martin Smoge frå Hareid.

Lokale talentI tillegg er fleire talentfulle ungdommar med i showet. Bandet Bojah Crew som nyleg var med på fylkesmønstringa UKM lovar god stemning med låta «Uptown Funk». 9.klassingane Viona Shera og Silje Håheim skal spele «Norsk dans nr.2» av Edvard Grieg firehendig på piano.-Dei er kjempedyktige. Publikum kan glede seg til å sjå mange flinke ungdommar på scena, seier Frida Jonberg.Saman med Synne Stokkevåg Berg har ho fått æra av å vere programleiar under showet. Programleiarane er to av Ulstein sine «Ungdom med MOT» (UMM).-Eg synest det er veldig kjekt å vere UMM fordi eg får treffe nye folk og føler at eg er til hjelp for andre, seier 10.klassingen Synne.Frida går i 9.klasse og vart skulert som UMM i år. Ho har vore med på eit MOT-besøk i 7.klasse og gler seg til fleire oppgåver som UMM: - Eg er glad for at eg får ta del i noko betydningsfullt!

-Bli inspirert!MOT besøker totalt over 22.000 ungdommar i 55 "Lokalsamfunn med MOT" gjennom heile turnéen. MOT-turnéen er støtta av Gjensidigestiftelsen. Turnéleiar Tore Sandnes ser fram til å møte eldsjelene i Ulstein.- Vi gler oss masse til å besøke Ulstein. Vi håpar dei lokale ungdommane får ei fantastisk oppleving både på scena og i salen, og at lærarar og vaksne blir inspirert til å skape eit enda varmare og tryggare samfunn, seier han.I tillegg til konserten, så gjennomfører MOT eit fagleg opplegg med årsmøte for det lokale MOT-laget i Ulstein, og eit inspirasjonsforedrag som er obligatorisk for alle tilsette ved Ulstein ungdomsskule. Mange fleire både frå kommunen, nabokommunar, næringsliv og fritidsorganisasjonar har fått invitasjon.- Dette foredraget som er frå kl. 13.30-14.30 på Ulstein ungdomsskule er ope for alle. Vi håpar aulaen på ungdomsskulen vert fylt av menneske som vil vere med å bli inspirert og jobbe for å gjere ein forskjell, samstemmer MOT-leiar Einar Vik Arset og MOT-koordinator Marie Flatin i Ulstein.

MOT-showet byr på mykje song og musikk. Ulstein TenSing er med på fleire låtar, både refreng og med solistar. Foto: Beate Mjøen Berg.