Denne veka skal Hareid kommune ha drøftingar med ein konsulent om avvikling av “is-holet” i Snipsøyrvatnet.
Når isforholda er gode på Snipsøyrvatnet, er det store område å boltre seg på. Desse tre løparane passerer Holesanden i fin stil, men lenger ute i vatnet - utanfor Nesset - kan det vere usikker is på grunn av det eine av Hareid vassverk sine spylingsrør går ut der. Denne veka skal Hareid kommune drøfte ei avklaring av problematikken. (Arkivfoto)