For nokre nummer sidan skreiv lokalavisa om eit pussig dyretilfelle på Flø: Oppe ved vegen mot Roppemarka stod ein heil bøling med kyr og kalvar. Det rare var at alle kyrne var svarte, medan alle kalvane var kvite.

For å få ei oppklaring på fenomenet ringde vi direkte til eigaren Bjørnar Kleiven, som  utan samanlikning elles hevdar at “faren er viktig”.

Tilfellet er nemleg at Kleiven har hatt angus-kveg sidan 2003. Angus er verdas mest utbreidde rase og er kolla, d.v.s. dei manglar horn. Dei er også svært hardføre og har pels i både øyrene og på jura. Men dei er relativt små.

Oppdrettarar som ønskjer seg meir kjøt har derfor blanda inn angusen med større rasar. - Eg har skaffa meg ein charolais-okse, opplyser Kleiven. Charolais er ein kvit, fransk kjøtrase, medan angusen i utgangspunktet er skotsk og svart.

- Eg er ikkje genetisk ekspert, men i dette tilfellet har pelsfargen til faren slått ut på alle avkoma. - Samtlege kalvar er kvite eller  lyse. Og då må forklaringa vere at faren sine gen for pelsfargen er dominante.

Oksen står no i fjøset på Flø, men det hender at han får sleppe ut. Når han held seg i flokken, plasserer han seg midt i. Skulle  flokken kjenne seg truga, er der ei førarku som tek på seg å “møte åtaket”. Skulle det skje, t.d. ved at det kjem ein laushund, kan kua foreta eit “skinnangrep”. D.v.s. at ho stoppar like før ho skal til å stange.

Men Bjørnar Kleiven meiner det er farlegare å køyre bil gjennom Fløstranda enn å passere fe-flokken hans oppe på fjellet.

Likar seg på Lågheida

Ei kvinne i Brandal ringde til lokalavisa tidlegare i august og fortalde at ho hadde sett nokre underlege dyr på Lågheida mellom Indredalen og Ytredalen. Ho lurte svært på kva det var, for hjort var det ikkje.

Det var nok ein flokk av desse kyrne frå Flø. Av ein eller annan grunn likar dei seg godt på Lågheida. Det har truleg å gjere med at det er lett å kome dit og at der er lite folk. Særleg på ettersommaren er der godt å vere.

Men dei held seg unna bratt terreng. Derfor kjem  dei ikkje ned til Brandal. Dei kjem heller ikkje  ned til Flø, sjølv om  der er meir mat.