Det melder Sunnmørsposten. Dei nye flya kjem på plass når vintersesongen startar.
I juli vart heile 90 prosent av kapasiteten på ruta fylt opp, medan det totale belegget sidan oppstarten i april er på 70 prosent.
Gammalt blir bytta ut med nytt
No blir dei tilårskomne Fokker 70-flya på ruta bytta ut med moderne Embraer 190-fly. Det vil seie at kapasiteten på kvar avgang aukar frå 76 til 100 passasjerar.
- Fokker 70 er et relativt gammalt fly, medan Embraeren vi no set inn er det nyaste og mest drivstofføkonomiske flyet vi har i flåten vår, seier norgessjef i Air France/KLM, Daniel Eggenberger, til Sunnmørsposten.
Han fortel vidare at berre 10 prosent av dei som nyttar ruta har Amsterdam som sin endelege destinasjon. Dei aller fleste skal vidare til ein annan stad i verda.