I samband med cupfinalehelga opplever Ulstein kommune eit stort trykk på permisjonsmeldingar for skuleelevar. Det er ikkje få som har tenkt seg nedover til Oslo siste helga i november.

Vanlegvis ber føresette borna sine fri frå skulen ved å melde frå i meldingsbok til kontaktlærar ved fråvær inntil ein dag og på permisjonsskjema ved fråvere to dagar eller meir.

Eige skjema

For å kunne leggje til rette for eit godt pedagogisk opplegg, og for å utnytte personalressursane ved skulen best mogleg, har Ulsteinvik barneskule laga eit eige skjema dei har levert ut til alle heimane.

Der ber dei føresette krysse av om barnet skal ha fri fredag 23. november eller måndag 26. november.

Frist for å levere dette skjemaet er i dag, fredag 9. november.