– Endeleg ser vi bokstaveleg tala lys i tunnelen nårdet gjeld kollektivtilbodet gjennom Eiksundsambandet, seier Ingrid Opedal,fylkestingsrepresentant for Møre og Romsdal SV. På klimaplankonferansen i Moldedenne veka vart det opplyst at klagen på reguleringsplanen for Garnes-kryssetikkje har fått medhald. Det betyr at arbeidet med opparbeiding av dette viktigekollektivknutepunktet kan starte opp. Samferdsleavdelinga vonar å vere ferdigevåren 2014, slik at nye ruter kan setjast i drift då. Kor mange fleire avgangardet vert er enno ikkje klart, men det vert i alle fall monaleg betre tilbod enni dag.
– Dette er noko vi i SV-laga på Søre Sunnmøre har arbeidd med sidanEiksund-sambandet opna, fortel Opedal. Det er ikkje tvil om at sambandet harvore ein regionalpolitisk suksess, men ut frå eit klimaperspektiv har einaltfor stor del av trafikken gått med privatbil. Dette er noko særleg ungdomeni området har vore opptekne av.
Etter initiativ frå SV vart det for fleire år sidansendt søknad om KID-midlar (Kollektivtransport i distriktet) til planlegging avbetre kollektivtilbod. Dette slo til, og i neste omgang vert det no bruktBRA-midlar, ei anna statleg støtteordning, til gjennomføring av ombygginga avGarnes-krysset. Dette er nødvendig for å få god korrespondanse til alle delene av Søre Sunnmøre.
– Frode Kvalheimfrå Samferdsleavdelinga fortalde også at ein i ruteplanlegginga vil ta omsynbåde til korrespondanse med hurtigbåten på Hareid, Timekspressen ogflyavgangane på Hovden. Dette er svært gledeleg, og sjølv om det har teke allfor lang tid er det godt at ein no kan kome i gang med det fysiske arbeidet,seier Opedal.