Og kjekt er det, å få dele Høddsupportarane sine gode minner frå den eventyrlege cupfinalehelga.

Difor er det på sin plass å takke alle dei som har sendt inn sine flotte bilete så langt.

Men vi ynskjer framleis fleire bilete frå helgas hendingar.

Bilete kan du sende til journalist Joar Drønnesund si e-postadresse: joar@vikebladet.no, eller som MMS-melding kor du nyttar kodeord: VV CUP og sender tekst og bilete til nummer 2399. MMS-meldingar kostar kroner fem per melding.

Legg gjerne ved fotografen sitt namn, og kven som er avbilda.