Britt Helen Rognstad frå Stamina HOT Bedriftshelseteneste tek imot oss på treningsrommet ved Ulshaugen. Ho er bedriftsfysioterapeut og hjelper dei omsorgstilsette med tips og gjennomføring av ulike treningsøvingar.

Starta i fjor

– Vi starta opp her i fjor haust. No er eg tilbake etter tre månaders pause. Nokre er nye her, andre har vore med før. Eg kjem med forslag til ulike øvingar og prøver å motivere dei som kjem hit til å trene meir, anten sjølve eller i grupper, fortel Rongstad.

Mellom 35 og 40 omsorgstilsette følgjer treningane. Då Vikebladet Vestposten stakk innom Ulshaugen onsdag var dei tilsette delte inn i forskjellige grupper på 3–4 personar utover ettermiddagen.

– Positiv effekt

Personalleiar Kari Riise fortel at høgt sjukefråvær var bakgrunnen for at Ulstein kommune leigde inn Stamina til treningshjelp.

– Det kan jo vere samansette grunnar til at sjukefråværet gjekk ned 2 % frå 2011 til 2012, men dette treningstilbodet trur eg har slått positivt ut, meiner Riise.

Og utdjupar:

– Dei tilsette i omsorgsetaten har fysisk og psykisk krevjande jobbar. All forsking seier at god fysikk hjelper på. Treninghjelpa er eit tilbod til dei som vil bli motiverte til å trene vidare. Det er så forskjellig om folk likar å gå i fjell og fjøre eller ønskjer å gå på treningssenter. Det kan vere ein barriere for mange å gå på eit vanleg treningssenter. Her kan dei tilsette booke treningsrommet til nesten alle døgnets tider om dei sjølve vil, fortel Riise.

– Treninga funkar

Både Kari Riise og Britt Helen Rongstad framhevar dei sosiale sidene ved å trene saman, og får støtte av Solfrid Ballo, som fekk nyttige treningstips frå Rongstad då lokalavisa var på besøk.

– Det er greitt å trene saman med andre som ikkje er veldig godt trena, humrar Ballo.

Ho har alt merka verknadene av treninga.

– Det funkar. Eg kjenner det i kvardagen, både med tanke på styrke og uthald. Eg har også færre smerter enn tidlegare, og det same seier fleire av ei eg jobbar saman med. Det er motiverande med trening som varierer mellom spinning, vekter og andre maskinar.

FAKTABOKS

* Sjukefråværet i pleie- og omsorgsetaten i Ulstein kommune låg på ca. 12 % i 2011 og ca. 10 % i 2012. Dette er høge tal, og treningstilbodet er eitt av tiltaka for å redusere fråværet.

* Om lag 200 tilsette har fått dette treningstilbodet, fortel personalleiar Kari Riise.

* Til ei samanlikning var sjukefråværet i same etat i Hareid kommune 7.6 % i 2012. Interne analyser viser at det kan ha vore ei svak stigning hittil i 2013. Kommunalsjef Elly Kirkeslett viser oss vidare til personalsjef Trude K. Dalen for fleire og meir presise tal rundt sjukefråvær, men ho har vi ikkje lykkast i nå tak i.