– Eg gler meg veldig til å gjera ein stor innsats for beredskapen til sjøs, seier Jarlsby, som har har vore ein del av Redningsselskapet sitt sentralstyre sidan 2006.

Jarlsby vart valt under Redningsselskapet sitt representantskapsmøte i Tromsø. Han har lang fartstid i fleire styrer, er sjøvant og vart valt inn til sentralstyret i 2006.

– Det er viktig for meg at Redningsselskapet har ein forsvarleg økonomi og at beredskapen langs kysten blir styrka, seier Jarlsby som bur i Kristiansand, der han ofte er ute med båt.

Han har segla masse sidan han var 10 år, og er framleis mykje på sjøen saman med familien sin i sommarmånadene.

– Nicolai Jarlsby vart valt til ny president fordi han var den beste av alle kandidatane. Jarlsby har en evne til å sjå dei store linjene. Han er ein god økonom med gode strategiar, seier leiar av valkomiteen, Tor Honningsvåg.

Styret i Redningsselskapet

– Å sitje i styret for Redningsselskapet inneber dei same oppgåver og plikter som i ein kva som helst organisasjon eller bedrift. Det er å vera vaktbikkje, å sjå til at administrasjonen forvaltar verdiane og utfører oppgåvene sine på beste mogleg måte for medlemmer, kundar og samfunnet elles. Styret må stå for den langsiktige tenkinga, og ikkje bare sløkkje brannar. Det betyr mykje for meg at vi klarer å ha ein låg terskel for å sei kva vi tenkjer i styret. Det er noko av det viktigaste i alle styrer: At alle, uavhengig av teoretisk og praktisk bakgrunn, tør å seie kva ein meiner og tenkjer, seier presidenten.

Éin føresetnad

Jarlsby sa i eit intervju til bladet ”Redningsskøyta” i 2007 at han har hatt éin klar føresetnad for å sitje i Redningsselskapet sitt sentralstyre. Det er å få vera med ei redningsskøyte ut i skikkeleg hardt vêr.

– Eg har vore med ut med redningsskøyter, men har framleis til gode å få oppleve skikkeleg dårleg vêr. Så det håper eg framleis på å få oppleve, seier Jarlsby.

Styret i Redningsselskapet består av:

  • President Nikolai Jarlsby, Kristiansand (nytt verv)

  • Visepresident Anders Gundersen, Tønsberg (nytt verv)

  • 1. sentralstyremedlem Eva Torill Strand, Averøy (nyvalt)

  • 2. sentralstyremedlem Per Hindenes, Alta (nyvalt)

  • 3. sentralstyremedlem Fritz Fredriksen, Oslo (nytt verv)

  • Distriktsstyremedlem Irene Valstad Simonsen, Tromsø (nyvalt )

  • Representantar for tilsette: Anne Grete Ødegaarden, Arendal og Tor-Hugo Jensen, Harstad