Tunnelane opp til Strynefjellet er under utbetring, og det medfører at vegen er stengt store delar av dagen.

På Statens vegvesen sine nettsider kan vi lese at Riksveg 15 er stengt ved tunnelane i periodar på inntil 5 timar frå klokka 06 til klokka 18, måndag til laurdag.

Det kan skape problem for straumen av sunnmøringar som skal til cupfinalen i Oslo i helga.

Tunnelane blir likevel opna for kolonnekøyring fleire gongar kvar dag.

Frå vestsida (Stryn) kan du køyre gjennom på desse tidspunkta:

ca. klokka 10.15.

ca. klokka 13.00.

ca. klokka 15.45.

Frå austsida (Lom) er det kolonnekøyring på desse tidspunkta:

ca. klokka 10.45.

ca. klokka 13.30.

ca. klokka 16.15.

ca. klokka 17.15.

Søndag er vegen open for normal trafikk heile dagen.

Kan vere glatt

Statens Vegvesen melder om vekslande bart og isdekke, og fare for glatte parti på riksveg 15 over Strynefjellet. Tidleg onsdag morgon var det fire grader, laber bris og lette regnbyer oppe i høgda.

Dei som vil køyre til Oslo via Dovre, bør merke seg at Måndalstunnelen på E136 er stengt i periodar på 15 minutt frå måndag til torsdag.

Statens Vegvesen melder om snø- og isdekke og fare for glatte parti på E6 på Dovrefjell.

Elles er det vegarbeid og nedsett fartsgrense fleire stader på riksveg 15,  E136 og E6.