Hareid kommune har fått utarbeidd ein kulturminneplan. Han blir ikkje politisk handsama før over nyttår, og vil då bli tilgjengeleg via nettet. Men for at innbyggjarane i Hareid skal få ein appetittvekkjar over alt interessant som står i planen, er det no laga eit heftet, som altså kjem i alle postkasser torsdag 22. desember.

– Vi håper heftet blir liggjande framme på bordet i jula, og at folk kjem til å diskutere innhaldet, kommenterer Oddbjørn Grimstad.

Kulturminneplanen skal løfte fram dei viktigaste kulturminna i Hareid. Arbeidet med å få fram planen er i hovudsak basert på SEFRAK-registreringane (bygningar og ruinar frå 1900-talet). I Hareid vart dette arbeidet gjort i 1985 og 2013.

Viktige medspelarar i arbeidet med å lage planen har vore arkeolog Arve Eiken Nytun, tilsett i kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, og leiar Finn Sindre Eliassen i Hareid Historielag.

– Å lage kulturminneplanar er eit prosjekt som Riksantikvaren etablert for å auke kunnskapen kring kulturminne, både blant innbyggjarane og i forvaltninga, kommenterer Arve Eiken Nytun.

Han er fødd og oppvaksen på Hareid, og synest bokstaveleg tala det er spennande å grave i Hareid si historie.

– Arkeolog Per Fett var innom fleire kommunar på Sunnmøre på slutten av 1940-talet for å samle inn informasjon om kulturminne. På Hareid registrerte han gravhaugar, bautasteinar og andre faste kulturminne. Han samla også inn funn som hadde blitt gjort på markane rundt om i kommunen. Fett sine registreringar er svært omfattande, fortel Eiken Nytun.

Keramikk frå jarnalderen på Buhamaren

Dei siste ti åra har det vore fleire arkeologiske utgravingar i Hareid, og Eiken Nytun har gjennomført fleire av dei. Når vi dristar oss til å spørje kva som er dei mest interessante kulturminna i kommunen, blir arkeologen litt vag.

– Her er mykje. På Kvitneset er det funne spor frå steinalderen, og på Buhamaren er det funne keramikk frå eldre jernalder. Og så er det sjølvsagt gjort svært spennande funn ved Overåsanden og i Pilskog/Overå.

Han trekkjer også fram bautasteinen på Hareid kyrkjegard, som kan vere opp mot 2000 år gammal. Tidlegare stod der ein stein til av same type, og i dette området er det gravlagt folk også i førkristen tid. Den første stavkyrkja stod også i dette området.

– Og i Hovlia skal det ha vore eit gravfelt med minst 8 gravrøyser. Det einaste som står att no er Solsteinen.

– For oss i Hareid Historielag er det midt i blinken å få vere med på dette arbeidet. Å kjenne historia si, og få kunnskap om korleis folk levde før oss, er viktig. Også for komande generasjonar, seier Finn Sindre Eliassen, som var med på SEFRAK-registreringane i 2013.