Onsdag opna Herøy kommune ladestasjonar for elbilar på to sentrale lokasjonar.

Det var ved Myrvåg Helsesenter (for opptil to bilar) og Sunnmørsbadet/badeland (for opptil tre bilar).

Herøy kommune vil med dette tilby offentlege parkeringsplassar med høve til å få lade elbilen din på sentrale stader der folk ferdast mykje. Dei vil på det viset vere med å leggje til rette for eit elbilsamfunn.

Ladestasjonane opna onsdag denne veka. Det er ei betalingsteneste der du kan betale med mobil.

Frå før av har Herøy kommune ein ladestasjon for elbilar i parkeringshuset ved Thon Hotel Fosnavåg.