Sidan 2009 har dei tilsette ved Ekornes gitt julegåver til gode lokale formål. I ei pressemelding frå Ekornes skriv verksemda at dei tilsette i år sendte inn om lag 50 forslag til formål dei ønska skulle få julegåver. Komitéen som står for utdelinga har i år kome fram til at dei ønskjer å gje gåver retta mot frivilligheit, dugnad og folkehelse.
Det blir gitt julegåver til formål både på Hareid, Grodås og i Sykkylven.
Ifølgje pressemeldinga frå Ekornes blir årets julegåver frå dei tilsette gitt til desse formåla:
Grodås: 25.000 til Hornindal Røde Kors Hjelpekorps25.000 til «Skiturløypa til Hornindalsætra»
Hareid: 25.000 til Rotarystien, Hareid Rotary25.000 til Fjelltrimmen, Hareid IL
Sykkylven: 50.000 til Sykkylven Røde Kors Hjelpekorps50.000 til Sykkylven speidargruppe50.000 til Jibbehytta, Sykkylven Friluftssenter