VARD i Ålesund har i dag signert kontrakt med Solstad Offshore, om bygging av eit nytt konstruksjonsfarty.

Skipet blir av typen Vard 3 19, og er utvikla av Vard Design i Ålesund.

Skroget skal  byggjast ved Vard Tulcea i Romania, og utrustning og levering frå Vard Brattvaag i 2. kvartal 2016.

Dette er den største kontrakt i Vard si historie, både i verdi og storleik på skipet. Fartyet blir ca. 180 meter langt, 33 meter breit og vil få eit arbeidsdekk på meir enn 2500 kvadratmeter.

Skipet vil bli det største i flåten til Solstad. Det skal utstyrast med eit 550-tonns "top tension" vertikalt leggesystem, noko som gjer det mogleg å installere rør under krevjande forhold på på store havdjup. Det skal også få ei 900 tonns offshorekran og ein 4000 tonns karusell under dekk for lagring av blant anna rør og kablar.