Å køyre rundt på moped med ein passasjer bakpå er ikkje lov. Når passasjeren i tillegg ikkje brukar hjelm gjer ikkje dette situasjonen betre.

To tenåringsgutar heimehøyrande i Hareid, den eine førar og den andre passasjer, vert begge bøtlagde for dette etter at dei og mopeden dei sat på vart stoppa av politiet onsdag ettermiddag.