Dagens avtale for snøggbåtsambanda Hareidruta, Langevågsruta, Nordøyruta og Romsdalsruta går ut 31. desember 2016.

Møre og Romsdal fylkeskommune tek sikte på å lyse ut nytt anbod ved årsskiftet 2014/2015. No har dei sendt brev til kommunane der dei ber om innspel innan 10. november 2014.

Store utfordringar

Samferdslesjef Arild Fuglseth i fylket skriv at snøggbåtrutene er ein viktig del av kollektivtransporten i fylket. Korresponderande bussruter knyter snøggbåtrutene til viktige målpunkt for dei reisande. Desse rutene er ein del av den samla infrastrukturen.

Samstundes har fylket også store utfordringa innan veg, der dei treng pengar til vedlikehald og investering.

Dei fire snøggbåtsambanda har ein samla driftskostnad på om lag 70 millionar kroner.

– Kort oppsummert må driftsutgiftene i snøggbåttrafikken, og dermed også tilbodet, tilpassast innanfor dei økonomiske rammene, skriv samferdslesjefen.

Passasjertala vil bli tillagt stor vekt i tilpassinga.

Les også: - Rett og slett ikkje godt nok

Lite miljøvennleg

Han skriv vidare at det er lite miljøvennleg med snøggbåt. Det er den minst miljøvennlege forma for kollektivtransport. Utsleppa frå dei fem snøggbåtrutene i fylket er på over 20 000 tonn CO2 årleg. Det er meir enn den samla busstrafikken i fylket. I samband med anbodsutlysinga vil fylket vurdere fleire tiltak som til dømes teknologi, produksjon, fart og storleik på båten for å redusere utslepp.

Hareidruta

Ruta Hareid-Valderøy-Ålesund har 16 avgangar i kvar retning på kvardagar, 9 på laurdagar og 10 på sundagar. Prognosane ser ein folkevekst på 9 prosent på ytre Sunnmøre dei neste 10 åra.

Ruta har 1300 reisande på ein vanleg kvardag. Avgangen frå Hareid kl 07.25 er den avgangen med flest passasjerar (220-225). Om lag kvar fjerde reise går om Valderøya.

Nokre kveldsavgangar og helgeavgangar har lågt passasjertal. Det er desse avgangane fylket vil vurdere i samband med ein mindre reduksjon i tilbodet. Samstundes er det viktig å halde oppe gode samband med fly og buss i båe endar av ruta, skriv Fuglseth.