Fredagen under Veidekkelekene på Lilehammer gav ingen medaljar til lokale utøvarar.

Kornelia Roppen (12) frå Dimna IL var nærast då ho sprang inn til 4.-plass på 60 meter hekk i klasse 12 år på tida 12.25.

Deretter tok Nicolas Masters Roppen ein 5.-plass på 200-meter i klasse G17. I sterk konkurranse sprang han inn til 23.32. Dessverre var vinden for sterk (+ 3,3) til at tida kunne godkjennast. Tobias Skavnes Våge frå Dimna IL kom på 9.-plass på 23,71, medan klubbkamerat Joakim Gustavsen vart nr. 10 på 24.10.

Det vart ein vindfull fredag på Lillehammer. Stemnet held fram laurdag og søndag.