(NPK): Noreg har eksportert 1,8 millionar tonn sjømat til ein verdi av 69 milliardar hittil i år. Det er ein auke frå same periode i fjor, men mindre enn ein håpa på.

I september eksporterte Noreg 189.000 tonn sjømat til ein verdi av 8 milliardar kroner. Det er ein markant nedgang på 18 prosent frå eksportnivået i august.

– Noko av dette kjem av naturlege sesongsvingingar, seier direktør Asbjørn Rørtveit i Noregs sjømatråd.

Med ein eksport på 1,8 milliardar tonn hittil i år har volumet auka med 3 prosent, og verdien har auka med 6 prosent, eller snaue 3,7 milliardar kroner. Dette er likevel ein klart mindre vekst enn ein har hatt dei siste åra. I snitt har veksten vore på 15 prosent dei fire siste åra, med same utvikling ville eksportverdien passert 100 milliardar i år.

– Ved inngangen til året kunne vi håpe på 100 milliardar i eksportverdi for sjømatnæringa. Vi ser no at det er lite truleg å nå 100 milliardar i år, seier Rørtveit til Dagens Næringsliv (DN).

Det er lakseeksporten som har vakse mest, med ein verdauke på 10 prosent. Noreg har hittil i år eksportert 711.000 tonn laks til ein verdi av 48 milliardar kroner.