Sakkunnig for Glen Børge Løset Flø, psykolog Sondre Hasvold, var neste person i vitnestolen. Han skreiv hovudoppgåva si om ADHD hos vaksne, og skulle på oppdrag frå forsvaret analysere ADHD-diagnosen Glen Børge fekk i 2007.

Hasvold gjekk først gjennom si utgreiing av Løset Flø.

- I forhold til det eg har sett i rapportane eg fekk oversendt og i forhold til det eg sjølv har kome fram til, reiser eg tvil kring ADHD-diagnosen. Der er teikn på at han har sterke verbale evner, og har litt vanskeleg for å orientere seg i sosiale samanhengar. Men, eg meiner han ikkje har ADHD, seier Hasvold.

Han blei i følgje Hasvold diagnostisert for ADHD i 2007, så diagnostisert med posttratumatisk stressliding, og også sjekka opp i forhold til Aspergers syndrom, men ikkje diagnostisert for dette.

- ADHD sjåast i stor grad på som ei medfødd liding. Ein ADHD-diagnose kunne kanskje forklart noko, men kan ikkje forklare funksjonstapet han har i dag.

Hasvold set den medisinske invaliditetsgraden til Løset Flø til 45 prosent.

Hasvold meiner Løset Flø ikkje vil kunne fungere fullt og heilt resten av livet, og at ein eventuell arbeidskvardag må tilpassast han.

Psykolog og rettsoppnemnt sakkunnig, Trond Heir, hadde nokre spørsmål til sakkunnig Sondre Hasvold kring hans vurdering.

- Kva for funksjonsnivå ser du føre deg at han har, som tilsvarer 45 prosent invaliditetsgrad?

- Bakgrunnen er at han har vegetative symptom, depressive periodar.

- Har du samanlikna med andre tilfelle når det gjeld medisinsk invaliditet?

- Ja, både dei som ligg høgare og lågare enn dette, seier Sondre Hasvold og legg til:

- Han fungerer greit periodevis, men har periodar innimellom der han ikkje fungerer.

Tvilar på PTSD-diagnosen

Så var det sakkunnig for Ulstein kommune, psykiater Trond Heir, sin tur til å vitne.

- Vi må beskrive dette som mobbing, og vi må leggje til grunn at dette har vore systematisk, og over tid. Konklusjonen er at denne typen mobbing, som Løset Flø har vore gjennom, kan gi problem seinare i livet.

- I Flø sitt tilfelle meiner eg at mobbinga han har vore gjennom er av ein slik art og eit slikt omfang, at den har gitt han problem.

Så kom han med det som nok var eit lite stikk mot sakkyndig Sondre Hasvold, som er nok så nyutdanna.

- Min påstand er at desto kortare ein har vore i dette faget, så set ein gjerne samanheng mellom ein enkelt årsak og eitt enkelt resultat. Dette er eit problem i dag.

Med tanke på PTSD-diagnosen (posttraumatisk stressliding), ville Heir prøve ut denne.

- Det blei forklart at han ofte oppsøkte dei som plaga han mest, for å provosere. At han oppsøkte andre klasserom og banka på dører. Dette hadde ikkje, i følgje det som blir beskrive som PTSD, vore mogleg. Ein med PTSD hadde gjort det ein kunne for å vike unna slike situasjonar og konfrontasjonar.

- Dette er ein gut som også skaper problem for seg sjølv. Eg seier ikkje at han ikkje blir plaga, og mobba, men ein må også tenkje på det.

Heir meiner at mobbinga eine og åleine ikkje er årsaken til problema Løset Flø har.

- Det kan vere mobbing, men det kan også vere andre ting som gjer det. Det er eit vanskeleg bilete å analysere, seier han og legg til:

- Men, problemet her er at det er mange diagnosar ein kunna argumentert for og i mot, men sunn fornuft seier at uansett kva for diagnose ein set, så viserr dette eit klart mønster, som viser at mobbing har ført til problem for Glen Børge.

- Sosial angst er mest korrekt

Trond Heir meiner at diagnosen sosial angst er korrekt for Glen Børge.

- Det er den diagnosen, av dei han har eller skal ha, som eg føler er mest korrekt, i forhold til korleis han framstår.

Heir meiner at Løset Flø framleis skal ha PTSD, men at det er fordi det ikkje finnast nokon betre diagnose i dag.

Heir sa igjen at han meiner utgreiinga frå Bjørgvin kring ADHD var grei, og fordi han ikkje er ekspert på lidinga, stiller han seg bak denne.

Psykologen trur funksjonsnivået til Løset Flø vil betrast med tida, og fortel at han har trua på han.

Han meiner Løset Flø har konsentrasjonsproblem, men at dette var meir tydeleg tidlegare.

Han fortel også at han truleg har sett eit nivå for medisinsk invaliditet for Glen Børge Løset Flø som er for høgt. Det han fastsette var på mellom 35-40 prosent.

- Men kva nivå legg du deg på? spør KS-advokat Øyvind Reinslo.

- Samla sett må ein nok over 25 prosent, opp mot 35.

Reinslo meiner at det er 50/50 i forhold til kor mykje av den medisinske invaliditeten Glen Børge Løset Flø har som skuldast mobbing, og kva som skuldast andre ting.

Ankesaka held fram fredag.