Dagleg leiar Rune Hoddevik opplyser at det har vore full aktivitet ved Pelagia i Hjørungavåg sidan i september. Dette betyr at over 60 personar no er i arbeid ved anlegget.

- Nærare 150 containerar med frosen makrel blir no lasta om bord i skip som ligg ved godsterminalen i Hareid sentrum. Makrelen skal etter ei mellomlossing ende opp i Asia, fortel Hoddevik.

Feitfisken skal leverast både til Kina og Japan, mykje av han til den japanske hovudstaden Tokyo.

I tillegg til makrelen som blir lasta om bord i skip, har det også kome eit skip med 150 tome containerar, som også snart skal fyllast opp med makrel frå Pelagia, og deretter sendast frosen ut på marknaden i Asia.

Forlenga sesong

Hoddevik reknar med at det blir full drift ved anlegget i Liavågen i alle fall ut november.

- Og no er det opna ei kvote for loddefangst frå norske båtar i Barentshavet, så det er håp om at sesongen kan bli endå lenger, fortel han.

Kor store verdiar som no blir skipa ut frå containerhamna i Hareid sentrum, vil Hoddevik ikkje ut med.

- Men det er snakk om store verdiar, slår han fast.