Denne dagen er det stille både i gangane og klasseromma på Reiten. Det er haustferie også her, og lærarane kan nyte nokre dagar velfortent avspasering.

150 elevar

Rektor Lars Ove Moldskred er likevel i sving, og tek lokalavisa med til eitt av klasseromma, som akkurat denne veka står tomme.

– Vi har to avdelingar, ei norskavdeling der vi underviser i norsk og samfunnskunnskap, og ei spesialavdeling med om lag 20 elevar. Der har vi grunnskule for vaksne med rett på grunnskuleopplæring. Derunder har vi også ein logoped i halv stilling. På norskbiten har vi om lag hundre elevar på dagtid, medan vi er nede i om lag 30 på kveldstid. Totalt er vi om lag 17 årsverk som arbeider her, fortel Moldskred om Ulstein kompetansesenter som gir opplæring til vaksne flyktningar og asylsøkjarar.

1. august tok Moldskred til i stillinga som rektor ved kompetansesenteret. Dei siste fire åra har han arbeidd ved vaksenopplæringssenteret i Bærum.

– Då stod eg i klasserommet og underviste, fortel Moldskred, som tok pedagogikkutdanninga i vaksen alder.

– Eg starta jobbmessig i Forsvaret og var over seks år i militæret. Der tok eg delar av utdanninga mi, både sivilt og militært, og så har eg tatt pedagogikk og nokre andre fag, samt ei masterutdanning i ettertid. Eg har vore mykje i industrien på personalsida, og det er det eg har arbeidd mest med ved sidan av undervisning.

Mellom anna var Moldskred tilsett i Ulstein som personalleiar, i tillegg til å ha vore innom Aker.

Lars Ove flytta frå heimkommunen i 1999. I sommar flytta han og kona Rønnaug Beate Mork tilbake til Sunnmøre og busette seg på Hareid.

– Det handlar om røter. Både Rønnaug og eg har mykje familie her, vi har foreldre som har byrja å verte vaksne og vi har vaksne barn. Både Rønnaug og eg har to barn kvar. Dei klarar seg godt sjølve og då vart det naturleg at vi ønskte å vere her, vere nære foreldra våre og familiane som vi har her.

Men det var ikkje berre familie som lokka.

– Røtene og naturen, må eg nok seie. Når ei er yngre og litt utolmodig så ser ein alle dei store moglegheitene vekke, og vil ut for å prøve. Det har vore spennande, men no er det veldig spanande å kome tilbake.

Lars Ove fortel at dei bestemte seg for å flytte før han hadde fått jobb ved Ulstein kompetansesenter.

– Det var einaste jobben eg søkte på. Det er eit spanande felt, og eg har erfaringa frå Bærum, der vi var gjennom ganske store endringar i løpet av fire år. Eg var nysgjerrig på korleis feltet vart drifta her og følte vel at eg hadde noko å bidra med.

Krevjande økonomi

Som rektor har Moldskred både leiaransvar og eit fagleg ansvar. Dei første månadane i jobben har ikkje berre vore enkle.

– Vi har ein litt krevjande økonomisk situasjon, og må sjå grundig både på inntektssida og kostnadssida, samt å gjere dei endringane som er nødvendige.

Kompetansesenteret får tilskot frå IMDI per elev i tre år. Moldskred fortel at ein må sjå på korleis ein kan få tilbodet til å harmonere betre med dei inntektene ein gir.

– Der må vi gjere nokre øvingar. Eg trur her har vore levert tenester av ein veldig høg kvalitet. Vi har mange lærarar som gjer ein kjempegod jobb, men det kostar å levere gode tenester og per i dag har vi eit gap mellom inntektene og kostnadane.

Moldskred fortel at han trur ein i framtida må satse endå meir på arbeidsretting og praksis.

– Når ein flyktning kjem til oss, så trur eg det er viktig at vi frå dag ein tenkjer; kva har denne personen med seg av kompetanse og erfaring, og korleis kan vi hjelpe dei til å kome inn i yrkeslivet.

Trivst ute

Når han ikkje er på jobb på Ulstein Kompetansesenter likar Moldskred seg godt utandørs.

– Då vil eg helst vere i fjellet eller i ein kajakk. Ein fjelltur eller kajakktur saman med Rønnaug eller barna våre er det kjekkaste eg kan gjere utanom å vere her.

Moldskred legg til at han både er glad i naturen og i å vere i aktivitet.

– Tidlegare var det idrett, mykje fotball, fram til eg var 23–34. Eg har alltid vore glad i å trene, og starta jo i si tid Aktivsenteret på Varleite, så trening har alltid vore viktig.

Moldskred fortel at han likar kombinasjonen mellom å kunne trene på eit treningssenter og å kunne ta seg ein tur på fjellet eller i kajakken, sjølv om det kanskje ikkje har blitt altfor mykje treningssenter den siste tida.

– No er det gjerne ikkje meir enn ein gong i veka, men kanskje eg skal bli litt flinkare utover vinteren.

Men aller helst vil han ut.

– Eg likar meg best på fjellturar her ute. Frå Havåg og opp til Blåtinden er kanskje favoritten min. Vi er veldig glade i å gå fjellturar her ute, både på Ulstein- og Hareidsida, smiler Moldskred.