Ein mann som er busett på Hareid er i Sunnmøre tingrett fråteken førarkortet for allltid. Dette i første rekke fordi han også i 2012 vart teken for fyllekøyring. Lovverket seier at dersom ein person blir teken for promillekøyring to gongar i løpet av fem år, skal førarkortet ryke for allltid.
Det var ein søndag morgon mannen, med kona og ein kollega i bilen, kom køyrande langs Hareidsvegen då han vart stoppa av politiet. Kvelden før og ut over natta hadde han drukke 4-5 drinkar, ei blanding av vodka og cola, og før bilturen hadde han sove berre fire timar.
Blodprøva viste at mannen hadde ein alkoholkonsentrasjon på 1,40 i promille 50 minutt etter at køyringa fann stad.
Vegtrafikklova seier at det skal reagerast med ubetinga fengsel og bot ved alkoholkonsentrasjon over 1,2 promille.
Fengselsstraffa vart sett til 30 dagar.
I tillegg har han fått ei bot på 45.000 kroner.