Det har no kome ny asfalt frå Hareid sentrum og inn til Verkstadvegen – forbi Rolls-Royce.

Dermed er Hareid og Ulstein sin pott i Statens Vegvesen sitt asfalteringsprogram for sommaren 2016 fylt opp.

Tidlegare i sommar har det kome nytt toppdekke mellom Hareid og Ulsteinvik.

Vegen mellom Hareid og Hjørungavåg har vore offer for stor slitasje over år.

I haust melde lokalavisa at vegen hadde over 5 cm djupe hjulspor i asfalten. Med tre djupe spor, eitt på kvar side og eitt i midten, kan det fort oppstå vassplaning, og på vinterføre kan det vere lett å miste kontrollen.Vegen mellom Hareid og Hjørungavåg fører kvart år 200.000 tonn med betong, stein, fisk og anna.

Slitasjen er stor. I tillegg kjem at vegen generelt er for smal, noko som særleg er med på å skape skumle situasjonar i svingane. Vegen manglar også lys og er dårleg merka.

At strekninga toppar ulykkesstatistikken i kommunen er derfor  ikkje så rart.Statens Vegvesen skal asfaltere i overkant av 169 km fylkes- og riksvegar i Møre og Romsdal i sommar.

I Herøy står strekninga Dragsund-Tjørvåg på programmet, medan Sande får asfaltert bakkane opp på frå Larsnes.