Nordmenn er godt vant med å reise fritt spesielt innanfor Norden, men også innanfor Schengen-området. Utvida grensekontrollar innførte i november i fjor både i Norden, Schengen-området og andre europeiske land kan gjere det nødvendig å ha med pass når ein skal på ferie i sommar. Også om du og borna «berre» skal reise til Sverige og Danmark.

Dei utvida grensekontrollane ser ut til å ha gått i gløymeboka for fleire ferieklare nordmenn. Allereie før høgsesongen er godt i gang, melder fleire ambassadar i Europa, samt politiet og Utanriksdepartementet om ei auke i tal nordmenn som både treng nødpass og som har problem i fleire grensekontrollar.

Roskilde, Dana-cup eller Skaw-cup

Store hendingar som blant anna Roskilde-festivalen,  Dana-cup og Skaw-cup trekk fleire nordmenn til Danmark kvar sommar. På Skaw-cup stiller mellom anna Hødd med eitt lag i år, seier dagleg leiar i Hødd, Kari Mette Sundgot.

Den norske ambassaden i København melder til Aftenposten at dei er bekymra då dei allereie no får rundt 50 førespurnadar per dag frå nordmenn angåande pass.

- Vi er redde det kan bli ein stressande sommar for norske besøkande i Danmark. Vårt utgangspunkt er at det fortsatt skal vere deilig å vere norsk i Danmark – men då må ein huske passet, seier ambassadør Ingvard Havnen i København til Aftenposten.

Det er også viktig å hugse på at born sine pass går ut før vaksne sine pass, og at det difor kanskje er nødvendig å sjekke gyldigheit på dei ulike passa før ein reiser.

Stor forvirring

Sprikande meldingar frå politiet og Utanriksdepartementet har i det siste likevel skapt forvirring rundt dette.

Då Vikebladet Vestposten prata med politiet førre veke, kunne dei melde om at passfriheita fortsatt gjeld i Norden. Dei informerer likevel på sine heimesider at du kan bli bedt om å bevise at du er nordisk borgar, og at du dermed treng gyldig legitimasjon. Sjølv om dette kan vere både førarkort eller bankkort med foto, oppmodar dei likevel at folk tek med seg gyldig pass om dei har det.

Ting blei brått meir usikkert då Utanriksdepartementet fredag denne veka kom med meldingar om at ein treng pass i Norden. Dei har i seinare tid beklaga for den sprikande informasjonen, og kan på lik line som politiet fortelje at ein ikkje treng pass i Norden, men at ein kan bli bedt om å bevise at ein er nordisk borgar.

Eit land har alltid myndigheit til å utvide grensekontrollen, og då dette også kan skje medan ein er på ferie, er det alltid ein god ide å reise med pass.