Eit konsulentfirma har vurdert skulebygga i Ulstein kommune og kor tenlege dei er for framtida. Dei meiner brakkene ved Ulsteinvik barneskule og Hasund skule bør rivast, og at det bør byggjast tilbygg i staden. Dei spår at elevtalet i sentrum truleg vil auke. Der bør byggjast ut til 588 elevar.

Levekårsutvalet i Ulstein tek Skulebruksplanen 2016–2020 til vitande. Dei ber om at ein ikkje vurderer å byggje ut Ulsteinvik barneskule, men heller vurderer andre løysingar som fører til at ein ikkje aukar talet på elevar totalt i sentrum.

Norconsult skriv at både topografi og demografi tilseier at kommunen kan vurdere ein skulestruktur med færre barneskular enn i dag. Mellom anna skriv dei at Hasund skule har plass til elevane frå Haddal skule.

Men Levekårsutvalet er ikkje interesserte i å leggje ned skular i krinsane. Dei ber om at punktet om ei eventuell samanslåing av skulane i Haddal og Hasund, Ulstein og Ulsteinvik ikkje er tema for vidare drøfting. Endring av skulestruktur er ikkje sett på dagsorden, slår dei fast samrøystes.

Planen skal ligge til grunn for arbeidet med rullering av Kommuneplanen, og for vidare arbeid med å sikre tenleg og tilstrekkeleg areal til skuledrift i Ulstein kommune. Saka går vidare til kommunestyret.