Førstkomande måndag er Hareid Fastlandssamband AS generalforsamling. Møtet skal vere i lokala til Norsk Maritimt Kompetansesenter (Ålesund).
Valnemnda innstiller på at Gunvor Ulstein er styreleiar for Hafast i to nye år, noko ho har takka ja til. Med seg i styret får ho truleg Eva Vinje Aurdal (ordførar i Ålesund kommune), Stig Remøy (Olympic Shipping), Anders Riise (ordførar Hareid kommune) og Jim Arve Røssevoll (ordførar Sula kommune). Aurdal og Røssevoll blir nye i styret. Alle blir valde for to år.
Styret og valnemn mottar ikkje honnorar for jobben dei gjer for Hafast.