Representantar frå Ulstein kommune og Ulstein kultur- og konferansesenter as har hatt møte med miljødirektoratet og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er i dag Ulstein kommune som har ansvaret for bygningsmassen og uteområdet på tunet. Hovudmålet med ei framtidig utvikling av Borgarøya er frå kommunen si side å vitalisere Borgarøya og den statleg sikra eigedomen. Dei ønskjer å gjere øya lettare tilgjengeleg og meir attraktiv for folk som utfartsstad. Slik det er no må ein ha eigen båt for å kome seg dit.

Kommunen ser at det er viktig å spele på lag med private aktørar, då dei har lite ressursar til å engasjere seg for å få meir liv der.

Kultursjef Leif Ringstad viste på møtet til uttalen frå fylkeskonservatoren frå 2008, der han viste positiv haldning til utviklingsplanen som den gongen låg føre. Sidan då har det vore ført fram kommunal vassforsyning, laga sanitæranlegg og etablert stor flytebrygge (i samarbeid med seglforeininga). Det er ikkje gjort noko med grindnaust eller løebygg.

Planleggar Cecilie Roppen orienterte om planprosess for arealdel av kommuneplanen som starta i 2015. Det vart fremja motsegn frå Fylkesmannen (no Statsforvaltaren). I prosessen med kommuneplanen gav Steinar Kulen/Ulstein kultur- og konferansesenter innspel om at hovudhuset på Borgarøya, eventuelt ei ny løe, kan nyttast til litt større arrangement og selskap.

Skisse over ny løe henta frå presentasjonen til Ulstein kultur- og konferansesenter. Dei ser for seg at den nye løa kan byggast på eksisterande murar.

«Eksisterende historiske og verneverdige bygninger, kulturlandskap og naturen er en fantastisk ramme for kulturarrangementer, for læring og for rekreasjon. Ny transportløsning og nye moderne lokaliteter for kulturarrangementer, selskaper, kurs og møter, samt periodevis «gjestgiveri» i hovedhuset, vil gjøre Borgarøya til Ulstein sitt utfartssted i skjærgården» står det i presentasjonen.

Den nye løa skal fungere som eit selskapslokale. Ho skal byggjast enkel, utan isolering, men med eit effektivt luftvarm-/ventilasjonssystem. Delar av veggene skal vere i glas, med utanpåliggande panel som kan opnast for «å ta naturen inn i rommet».

Det er vidare foreslått at området rundt hovudhuset og ved toaletta skal lagast til så besøkande kan gå rundt tørrskodde. Då er det tenkt natursteinheller lagt i sand i kombinasjon av treplatting. Mellom hovudhuset og stabburet kan det kome ei scene, så ein kan ha utekonsertar der.

Det kan også vere aktuelt å lage til ei lita badestrand med ein flytande plattform.

Øya skal vere tilrettelagt for barnefamiliar og for aktivitet som kurs i sjøvett, jollesegling med meir.

Ein ser også for seg at ein får på plass ein passasjerbåt. Det er i planane tatt utgangspunkt i at Borgarøya skal brukast av alle.

Kommunedirektør Verner Larsen stilte spørsmål på møtet om staten som grunneigar har synspunkt på om Ulstein kultur- og konferansesenter AS (som er eigd 50 prosent av private og 50 prosent av kommunen) eller eit reint privat AS kan stå bak planane. Kommunen meiner at planane er godt i tråd med planane dei har for øya.

Miljødirektoratet ved Heidi Grete Betten sa at skal ein utvikle området i retning av skissene, så må sambruket på uteareala for ålmenta vere fullt ut ivareteke.

Direktoratet er grunneigar og har ikkje rolla som mynde som kan vere til hinder for den utviklinga ein ønskjer lokalt, heiter det i referatet frå møtet mellom partane. Når det gjeld bygg og anlegg kan det vere mogleg å avklare bruken gjennom punktfesteavtalar for å formalisere dette. Kommunen må vere festar, deretter kan kommunen gjere avtale med annan privat part, som til dømes Ulstein kultur- og konferansesenter.

Det vart vidare sagt at ein må passe på at aktiviteten ikkje verkar privatiserande eller avvisande for ålmenta. Tilkomstsonene må vere inviterande for ålmenta, ikkje ekskluderande. I utgangspunktet bør tilrettelegginga vere på naturen sine premissar.

Vegen vidare er at kommunen skal ha eit møte med kulturavdelinga i fylkeskommunen.