Konserten starta med ei aldri så lita overrasking. Kveldens første artist på scena var ingen ringare enn Marte Urke Antonsen frå Ulsteinvik, som tok oss med inn i eit univers av vakker song. Antonsen har sunge heile livet, men opptredde første gong på Hareid denne fredagen, og tokpublikum med storm med eignetolka songar.

Stemnebilete og pengegåve

Konserten tok ei kort pause då Barbro Østrem overrekte eit stemnebilete, teikna av Ingeborg Eilertsen,til pådrivarane for konserten. Dei som har stått på ekstra mykje for å få tildette arrangementet, er Iris Roppen Tangen og ungdomsrådet representert avRobert Alme.

For å fådesse stjernene til å kome til Nordvestlandet og Hareid, har Tangen hatt god drahjelp av Sparebanken Møre, som var hovudsponsor forkonserten. Melinda Skeide (banksjef) kom på scena for å overrekkje ein skjekkpå 20.000 kroner til ungdomsrådet, slik dei mellom anna kan kjøpe nyttmusikkanlegg.

Radio- og TV-kjendis

Ali Pirzad-Amoli (23), kjend som A-Lee, har trass sin unge alderrokke å bli eit lysande namn på pop-himmelen, og er eit velkjend namn påradio og TV.

Med ei lang rekkje slagerar på samvitet, er A-Lee allereie ein erfarenartist som har ei stor framtid framføre seg. Og fredag stod han klar på scena for åframføre nokre av sine beste songar.

A-Leehadde god kommunikasjon med publikum og sa til og med at han hadde lyst åflytte til Hareid. Han starta med å synge ”The one”. Vidare kom hitane på rekkje ograd.

Utover i programmet dukka Marcus Onlyopp, som saman med A-Lee song duett i nokre av songane. Under hittar som "Hear the Crowd”, ”Worldsso cold”, ”Over You” var det god stemning blant publikum.

Sju Platina

Cir.Cuz er ei norsk Hiphop-gruppe som er sett saman avMats Melbye frå Sarpsborg og Thomas Pedersen frå Skien. Gruppa vart danna i 2011 og slo gjennom kort tid etter med sommar-hiten "Radio".

Bandethar oppnådd ein eksplosiv suksess dei siste åra. Debutsingelen ”Radio” har tilno seld over 70.000 eksemplar og oppnådd hele sju Platina (eit heider ein får ved 10.000 selde eksemplar).

Låta er ”streama” over 5millionar gonger på nettenestene Spotify/Wimp og radiostasjonar som NRJ, NRK mP3, Voice og Radio 1.

Underkonserten kom den eine hiten etter den andre, og publikum klappa, hoppa og songmed. Låtane ”Radio”, ”Gatelys” og ”Supernova” slo godt an blant publikum, og undersongen ”Supernova” fekk publikum vere med på å syngje jentevokalen.

Cir.Cuz  hadde også tid til å ta eit bilete til som dei publiserte direkte på fotodelingstenesta Instagram. Det var derfor god stemning i Hareidhallen.

Etter “dobbel-ungdomskonserten”  blei kvelden avslutta med diskotek.