Han kallar seg sjølv «The Crazy Doc» og utfører spektakulær akrobatikk ved hjelp av vasskuter, vatn og lufttrykk.

Du opplevde han kanskje under Trebaatfestivalen for to år sidan. Det er nesten som å sjå ein superhelt i lufta.

Flyboardshowet kan du oppleve i hamnebassenget fredag og laurdag under Trebaatfestivalen. Minst ei av framsyningane vert lagt til kveldstid, slik at publikum får oppleve showet med ledlys i skumringa.

Carl Jacob Johansen har vore ein av dei fremste artistane i Noreg i denne sporten, og har delteke fleire gonger i VM som har vore arrangert i Dubai. Han har også vore ein av dei første som tok i bruk vasskuteren i Noreg, både på fritida og i kommersiell bruk.

Fredag 24. og laurdag 25. august, i hamnebassenget