Selskapet har vanskar med å få finansiert verksemda og får ikkje det offentlege med på avtalar, skriv NRK.

– Det offentlege ønskjer i staden å bruke frivillige til å rydde strendene, seier Elisabeth Lauvstad Haugen i Clean Coast til NRK.

Clean Coast har i samarbeid med Runde Miljøsenter og Havila Shipping ønskt å bruke eit ombygd offshorefartøy til å rydde miljøavfall langs norskekysten og nordover til Svalbard.

Dei tre gründerane bak selskapet meiner dei med eit større skip kan rydde meir systematisk og effektivt i strandsona enn det frivillige kan. Innsamling, frakt og levering av fritidsbåtar til resirkulering er òg blant oppgåvene Clean Coast har ønskt å ta på seg.