Søre Sunnmøre statlege mottak har drive på i 11 år i Ulsteinvik. Mottaket er eit ordinært mottak for einslege vakne og familiar.
UDI har spurt eksisterande ordinære mottak i Midt-Noreg om tilleggsplassar. Bakgrunnen er at det kjem fleire asylsøkjarar til Noreg. Søre Sunnmøre mottak har i dag 170 plassar og kan auke med inntil 31 plassar til.
Tilleggsavtalen skal gjelde frå 1. desember 2012 til ut november 2013.
Tilleggsplassane vil mottaket etablere gjennom leige av tre leilegheiter på Vollane (11 plassar) og Kyrkjegata 8 (20 plassar).
Link AS sende brev til Ulstein kommune om denne utvidinga, brevet er datert 20. november 2012. I brevet skriv dei at UDI skal ha svar innan 23. november.
Redd det blir dyrt
Rådmann Einar Vik Arset skriv at han fekk brevet 21. november. Kommunen tek til etterretning at mottaksauken er innanfor rammeavtalen, men vil likevel nytte høvet til å uttrykke ei viss bekymring i auken av tenestebehov kommunen har sett siste åra.
Rådmannen meiner at tilskotsordninga ikkje samsvarer med kommunal ressursbruk. Sjølv om kommunen får 4600 kroner i tilskot for kvar asylsøkjar, meiner han det ikkje er nok.
Sidan Søre Sunnmøre mottak er eit desentralisert mottak med eigne bueiningar bur der ein del småbarnsfamiliar. Asylsøkjarar har som kjent ingen rettar i Nav sine tenester.
Auka kostnader til barnevern
Rådmannen viser til at det innan barnevern har vore ein stor auka i talet på meldingar som gjeld born ved asylmottaket.
– Det synest klart at familiane og borna er meir traumatiserte og har opplevd vald og terror. Sakene er kompliserte og føreset gode utgreiingar og tiltak for å ytre forsvarleg hjelp, skriv Arset i svaret sitt til Link AS.
Barnehagane melder oftare enn før om større åtferdsproblem for borna frå asylmottaket. Utan ekstra midlar til oppfølging tærer dette på personalet og dimed også på kvaliteten i barnehagane.
Bør vurdere eigen lege
Vidare viser rådmannen til at legekapasiteten ved Ulstein legesenter er sprengt. Han meiner det er aktuelt å diskutere deltids legestilling ved asylmottaket, men ei slik ordning er langt ifrå gratis for kommunen.
Han har sett opp eit oversyn over kostnadsauke han trur mottaksutvidinga vil få for kommunen.
– Kort oppsummert viser dette at følgjene ved å auke til 200 plassar ved mottaket har ei klar kapasitets- og kostnadsside som både UDI og Link AS bør ta med i sitt vidare arbeide, avsluttar rådmannen.