Eit samrøystes Nærings- og miljøutval i fylket bestemte i ettermiddag (tysdag) at Odim, med hovudkontor i Hjørungavåg, er den bedrifta som har utmerka seg mest i positiv lei i året som gjekk. Utvalsleiar Oskar Grimstad (Frp.) opplyser at det kom inn rekordmange forslag på bedrifter. - Men utvalet var samde om at Odim har blitt ein spydspiss i sitt slag, og har blit verdsleiande i verda på nokre av felta sine, seier Grimstad. Odim ASA har utvikla seg til eit internasjonalt teknologikonsern som utviklar og sel avanserte og komplette automatiske handteringssystem til offshore olje- og gassverksemder. Utstyr til bruk på djupt vatn er i dag eit av satsingsområde. Konsernsjef Jogeir Romestrand seier til Vikebladet Vestposten at han er svært glad for prisen, og han understrekar at det er innsatsen til dei tilsette som gjer at Odim har fått prisen. - Det var stas å bli nominert, og det er sjølvsagt endå meir stas å vinne han, smiler Romestrand. Verda over opplever no offshoreindustrien nedgangstider, og Romestrand vedgår at han er spent på kva som ventar rundt neste sving. - Heldigvis har vi over fleire år klart å skape eit solid fundament rundt Odim. Det gjer at vi er rusta til å stå imot tøffare tider. Og vi lanserer nye produkt som vi trur marknaden treng, og som dermed vil gje oss nye ordrar. Prisen er ein skulptur av kunstnaren Ola Stavseng frå Stordal, og han vil sikkert ta seg pent ut i det nye administrasjonsbygget i Hjørungavåg. Den offisielle utdelinga skjer under fylkestinget i juni.