Ho er ungdomssekretær i Fellesforbundet Midt-Norge, og har saman med andre ungdommar frå forbundet reist rundt til mange verksemder i regionen for å sjekke statusen til dei mange lærlingane som er i aksjon.

– Fellesforbundet er det forbundet i LO som har flest lærefag. Vi er opptekne av korleis lærlingane har det i jobben sin. Vi ønskjer å rette merksemda vår mot lærlingane, for det er nok diverre ikkje alltid dei som blir prioritert når vi er på besøk ute hos bedriftene, seier Siril Wigen Monteiro til Vikebladet Vestposten.

Denne veka møtte ho lærlingar ved Kleven Verft, men også lærlingar ved fleire andre verksemder i området.

– Lærlingar er ofte unge og nye i arbeidslivet. Ein er litt sårbar i utgangspunktet, men heldigvis er det mange bedrifter som er flinke til å lære opp. Diverre skjer det feil, så dette er ein god måte å kaste lys over eventuelle utfordringar.

– Eg har eit godt inntrykk av regionen her generelt, men det kan alltid bli betre. Det som kjenneteiknar ei god lærebedrift er at ein tek godt vare på alle lærlingane.

– Ein god prat

Siril Wigen Monteiro møtte lærlingane Christine Jordet, Eirik Amdam, Andrea Myrvoll og Nina Flem i Kleven-kantina. Først var det duka for litt generell informasjon, før ho fekk ein prat på tomannshand med kvar enkelt.

– Det er rett og slett ein god prat, der lærlingane kan ta opp det dei måtte føle, seier Monteiro.

Spesielt kjekt for lærlingpatruljen var det nok at tre av dei fire lærlingane er jenter. Éi av dei, Christine Jordet, gjer noko ganske spesielt i forhold til kvar ho kjem frå. Ho kjem nemleg frå innlandskommunen Otta.

– Eg ville prøve noko nytt. Der eg kjem frå er det ikkje båtar, seier ho flirande.

– Eg har mekka og jobba med det meste anna, men akkurat båtar hadde eg ikkje så mykje kjennskap til før eg kom hit. Eg trivast godt som lærling i Kleven, seier ho.

Ein fersk statistikk frå fylkeskommunen viser at det framleis er over halvparten av ungdommane i Møre og Romsdal som vel yrkesfag på vgs.

Ein fersk statistikk frå Møre og Romsdal fylkeskommune viser at over halvparten av ungdommane vel yrkesfag når dei skal byrje på vidaregåande opplæring. Foto: Illustrasjon.