Etter at Nina Elisabeth Bøe og Alv Ottar Folkestad kjøpte Brekkegarden i fjor sommar har ting begynt å skje i og ikring den gamle sunnmørsstova. Biene har begynt å surre, hagen har begynt å bløme og ikkje minst står dørene vid opne.

–Visjonen er at dette skal bli eit ope bygdetun, seier Nina Elisabeth Bøe.

Ho vil ha open dør for brukarar i alle dei sju kommunane i regionen. Sjølv er ho opphavleg frå Herøy, er busett i Ulstein, har hatt arbeidsplassen sin i Volda og er no altså nyetablert med NaKuHel senter i Sande.

Den offisielle opninga er i dag, laurdag, men eit prøveprosjekt for Sande kommune er alt kome i gang. To dagar i veka er det trening og aktivitetar for heimebuande eldre i tunet. NaKuHel Gjerdsvika, som er det formelle namnet, vil utvide med fleire aktivitetar på dagtid.

Barn og unge

– Barn og unge er ei viktig målgruppe. Målet er å gi dei positive opplevingar med natur- og kulturaktivitetar, forklarer Nina.

På kveldstid vil Brekkegarden opne dørene for frivillig arbeid. Ein strikkeklubb er alt i gang, men det er mange fleire aktivitetar som kjem inn under paraplyen, natur, kultur og helse.

–Eg håper at det skal bli både sjakklubb, yogagruppe, malegruppe, hagegruppe og fotogruppe her, seier Nina.

Berre fantasien set grenser så lenge aktivitetane er helsebringande. Nina peiker på NaKuHel Asker, som etter etableringa i 2002 har fått ein synleg posisjon både i folkehelsearbeidet i kommunen og i det lokale frilufts- og kulturlivet.

–NaKuHel legg vekt på det friske ved eit menneske. Det som fremjar god helse og gir kjensle av meistring og velvære. I staden for å vektlegge årsak til sjukdom, seier Nina.

Gründeren har sett opp bikuber, laga grønsakshage og planlegg rosehage for å nemne noko. Ektefelle og ornitolog Folkestad har vore ein god samarbeidspartnar, og er ikkje overraskande i gang med å tilrettelegge for våtmark.

For dette er ein stad der både fuglar, utegangarsauer og menneske skal trivest.

Då må kulturen også ha ein plass. I dagane før snorklippinga har Nina hatt fire kunstnarar i arbeid med ein kunststi i skogen bak Brekkegarden.

Nina er utdanna skodespelar og har master i kunstfag. Ho har også vore høgskulelektor ved Høgskulen i Volda.

Gjennom NaKuHel senteret får ho samla kompetansen sin til å gjere eit arbeid ho brenn for. Som frilansskodespelar og produsent har ho i periodar hatt anna arbeid ved sida av og har mellom anna jobba med opptrening og rehabilitering for eldre og med psykisk utviklingshemma.

Laurdag opnar Nina Brekkegarden med eit symposium der mellom anna grunnleggaren av NaKuHel Gunnar Tellnes deltek. Det blir også workshop for barn og ein kunststi med overraskingar.

Ein gresk og to engelske kunstnarar har saman med lokale Marit Moltu laga stien som går langs elva og i retning øvste attelega på Brekkegarden og inn i utmarka. Naturens alfabet og ein stol for solosong er noko av det du kan finne på vegen.

«Lost and found», er tema for installasjonane i kunststien. Ei overskrift som kan stå til alt arbeidet i Brekkegarden.

–Eg vil prøve å leite opp igjen nokre kvalitetar som kanskje har forsvunne på vegen, seier Nina Elisabeth Bøe.