Herøy Fiskarlag vil ikkje opne for samling av fleire kvoter på dei minste kystfiskebåtane, skriv Vestlandsnytt.

Det har vore usemje i fiskarlaget om denne saka. Dei yngre har skulda dei eldre fiskarane for å vere tilhengjarar av kjøp og sal av kvoter for at dei sjølve skal gje seg snart, og difor vil ha lov til å selje kvota si.

Grunngjevinga for vedtaket er at å starte i det små med ei kvote i gruppa for båtar under 11 meter, er snart den einaste sjansen for dagens unge til å kome seg inn i dei lukka fiskeria så lenge prisane på kvoterettar her er relativt låge. Om dei opnar for kjøp og sal av kvoter her også er fiskarlaget redd prisane vil stige, noko som vil gjere det vanskeleg å kome inn i næringa.