Bøen Gard på Hide i Gjerdsvika blir driven av Trond Hide og Bente Krumsvik. Dei har vore “Inn på tunet”-tilbedarar sidan 2005. No har dei vunne ein fylkespris frå Innovasjon Norge, og gardbrukar Trond Hide klør seg i hovudet av undring.
Utviklingspris
– Eg anar ikkje kvifor vi får fylkesprisen for Møre og Romsdal frå Innovasjon Norge. Anten har det noko med økonomi og utvikling å gjere, eller så har noko meldt oss på, fortel Hide lattermild.
Han har fått invitasjon til ei landbruksmesse på Gjemnes førstkomande fredag. Der skal prisen delast ut.
– Eg skal jo jobbe på fredag. Som gardbrukar har ein aldri fri. Sjølvsagt tek eg meg ein tur. Eg finn meg nok ein vikar, for eg er nysgjerrig på kva det er slag pris vi har vunne, fortel den ferske prisvinnaren frå Hide i Gjerdsvika.
Heller ikkje sambuar og gardskompanjong, Bente Krumsvik, veit kva prisen omhandlar.
– Vi har funne ut at det er ein bygdeutviklingspris som blir delt ut kvart år til ein vinnar i kvart fylke. Dei som får prisen går automatisk vidare til ei landsfinale. Stort meir enn det veit vi ikkje, seier Bente.
Lokalavisa har avtalt med Trond Hide om å ta kontakt over helga for å høyre kva pris dei eigentleg har fått.
– Eg reknar meg eg veit det då, flirer Hide til slutt.
Innovasjon Norge held korta tett til brystet. Det blir difor spennande å høyre frå Hide over helga.
Bøen Gard
I dei åra Bøen Gard har vore i drift, har tilbodet dreisa seg om dagtilbod for psykisk utviklingshemma, arbeidstrening via NAV, rus og psykiatri, oppdrag frå barnevernet, avlastning i helgar for ulike brukargrupper samt andre spesialtilpassa behov.
Garden har også tradisjonell sauedrift med om lag 80 vinterfora sauer og vi har høner som får gå fritt omkring på tunet. I tillegg fins der mange kattar i alle aldrar.
Alle gardsaktivitetar er innlemma i “Inn på tunet”-aktivitetane. Eksempel på slike aktivitetar er fôring av sauer og høner, plukking og vasking av egg, vedproduksjon, dyrking og hausting av grønsaker, bær og frukt.