Rundt klokka 20.30 søndag kveld kunne folk i Ulsteinvik høyre ulande brannsirener.

Brannbilen var på veg til eit bustadhus i Dimnavika der det hadde begynt å brenne i ein propantank på ca 25 kilo.

Huseigaren hadde sjølv klart å få bukt med flammane, men brannvernet måtte kome for å sørge for ettersløkking og nedjkjøling.

Etter det vi kjenner til, vart ingen skadde.