Politimeisteren i Møre og Romsdal har sett ein mann under tiltale for mange tjuveri.

I følgje tiltalen har han saman med andre knust ei rute i inngangsdøra på Handelshuset AS i Herøy for å stele øl og tobakk.

Fem gonger har han stole bilar, og køyrt til dels lange turar. Med i tiltalen er også at han ikkje hadde sertifikat.

To gonger har politiet prøvd å stoppe køyringa, og følgjen er at han er tiltalt for ikkje å stoppe på blålyssignal frå politiet i Rauma.

Ein gong prøvde han, saman med andre, å stele ein minibuss i Volda, men gav opp då dei ikkje fekk start på bilen.

Ein annan gong var han i ferd med å stele pengar i ein bil, men måtte bryte av då han vart oppdaga av eigaren. Med i tiltalen er også at han har vore med på å stele kjennemerka til ein bil i Herøy