Førre laurdag, 17. desember, hadde Vikebladet Vestposten eit foto av tekst i spalta "Øyfolket", om 14 år gamle Zerllina Fonseca. Det er fotograf Cecilie Hatløy i Lykkeliten Studio som er meister for fotoet. I den korte teksta seier Zerlina blant anna at det er viktig å vere seg sjølv, og at ho kan føle seg vennelaus, og at ho skulle ønskje fleire ville vere saman med henne. Ho sa også at ho håper ho ein dag kan bli eit forbilde for folk som ønskjer å vere seg sjølv.

Både lærarane ved Ulstein ungdomsskule og MOT-leiar Marie Flatin hadde merka seg kva Zerlina uttalte, og onsdag vart ho heidra på ungdomsskulen framfor alle elevar og lærarar - som eit modig forbilde.

Ho fekk også premie av MOT--crewet

- Veldig kjekt, seier Zerlina sjølv.

Her er teksta som stod på trykk førre laurdag:

Ver deg sjølv: Zerlina Fonseca (14) er elev ved Ulstein ungdomsskule. Trass i den unge alderen er ho svært medviten om at det er viktig å vere seg sjølv, i staden for å vere den du trur andre vil du skal vere. – Du er perfekt slik du er, seier ho. Zerlina smiler og syng mykje, og fortel at det er ikkje alltid ho klarer å sitje roleg i timane. – Eg er ei gutejente og eg likar å vere aktiv, forklarer ho. Eigentleg likar ho best å vere saman med gutar, og ho likar best å gå i guteklede. Ho er ikkje oppteken av å pynte seg eller gå i skjørt og kjole. Bak den smilande maska fortel Zerlina at ho kan føle seg vennelaus, og ho skulle ønske det var fleire som ville vere saman med henne. – Men eg likar meg godt på speidaren. Det er kjekt å overnatte ute, sitje ved leirbålet, synge og kjenne på fellesskapet, og ikkje minst vakne til fuglesongen. Zerlina håper ho ein dag kan bli eit forbilde for folk som ønskjer å vere seg sjølve. ANNE GRY EILERTSEN

Zerlina under samlinga på Ulstein ungdomsskule der ho fekk heider for motet sitt. Her viser ho fram seg sjølv i spalta "Øyfolket". Foto: Marie Flatin.