På møtet i teknisk utval i dag etterlyste Oddvar Gjerde (Senterpartiet) tidspunkt for når Ulstein kommune skal kople på drikkevasskjelda frå Garnesvatnet til leidningsnettet i Eiksund og Haddal. Det har gått nærare to år sidan vatnet frå Garnesvatnet skulle vere kopla på vassleidninga til Haddal og Eiksund.

Vatnet har akseptabelt bakterieinnhald, men nokre miljø meiner at kombinasjonen eternittrør og høgt fargetal er skadeleg for helsa. Vatnet er brunt når det regnar mykje. så det er ikkje godt drikkevatn.

Teknisk etat svara at det blir sett ned kum og rør ved Myrane bustadfelt i veke 42. Kummen ved «gamlebutikken» skal setjast ned i veke 44. Når det er på plass skal Garnesvatn førast heilt til Eiksund og nedre Haddal innan utgangen av i år.

Men til øvre område og Ringstaddalen blir det ikkje Garnesvatn før pumpeanlegga er bygt i 2015.