Ulstein kommune har fått avslag på søknadene sine om spelemidlar til miniballbinge ved Ulsteinvik barneskule og til skateelement som skal plasserast på Vikholmen.

Men det vil ikkje seie at det ikkje blir noko av prosjekta. Kulturkontoret kan opplyse om at prosjekta er godkjende, så om dei ikkje får pengar i år vil dei få pengar eit anna år. Fylket får gjerne fleire søknader enn dei har midlar til kvart år.

Kommunen må då forskottere utgiftene til spelemidlane kjem.

Fylket vil ikkje prioritere spelemidlar til skatepark i Ulsteinvik i år, men kommunen forskotterer pengane. Foto: arkivfoto