Ulstein kommune har i mange år hatt som politikk å integrere rusmiddelbrukarar i gode bustadmiljø, med bustader av god standard, heiter det i sakspapira til styret for Ulstein Eigedomsselskap KF. Dei har styremøte i kveld.

Eine saka dei skal ha oppe er bygging av fire omsorgsbustader på Ulshaugen. Bakgrunnen er at UEKF og omsorgsetaten har sett at det er behov for robuste omsorgsbustader for personar med spesielle behov.

Ikkje i nærleiken av barnefamiliar

Over tid har dei sett at det blir stadig fleire aktive rusmisbrukarar, noko som gjer at det er blitt fleire utfordringar med å integrere rusmiddelbrukarar i byggjefelt med barnefamiliar.

- Det som vi har opplevd er at enkelte bustadmiljø er blitt påførd ulempe ved at det er uro knytt til dei som er aktive rusmisbrukarar i byggefeltet. naboar har meldt tilbake at dei er uroa over situasjonen, skriv Rune Urke, dagleg leiar i UEKF.

På tvers av sektorarar har Ulstein kommune diskutert kva dei skal gjere med utfordringa. Dei har også diskutert temaet med andre kommunar. Dei har kome til at dei bør byggje bustader som tåler hard bruk. Bustadene bør ikkje vere for store, og dei må ha skjerma inngang og uteområde.

Bustadene må vere lokalisert nært tilsette i omsorgsetaten. Det må ikkje vere for mange bustader til dette formålet på ein plas. Og bustadene skal ikkje byggjast i etablerte byggjefelt med barnefamiliar.

Difor blir det lagt til Ulshaugen

Omsorgsetaten og UEKF har kome til at det bør byggjast fire omsorgsbustader ved omsorgsbasen Ulshaugen. Omsorgsbasen for rus og psykiatri er lokalisert på Ulshaug. Dagsenteret Skollebakken ligg like ved. Tomta ligg ikkje i etablert bustadområde med barnefamiliar.

Tomta ligg mellom Ulshaug og Holsekerdalvegen, og dette er ei tomt som det er naturleg å få til skjerming på ved støyskjerm mot vegen nedanfor. Skjerming bakover mot Ulshaugområdet kan ein få til med gjerder/murar/hekkplantar.

Kom inn tre tilbod

Levekårsutvalet og fellesrådet har tidlegare fått orientering om planane, men ikkje fatta vedtok om planane.

Det er sendt ut nabovarsel på byggesaka, det har ikkje kome inn motsegn til planane.

Det har blitt laga ei totalentreprise på fire bustader på tomta på Ulshaugen. Det kom inn tre tilbod. Det er skrive kontrakt med ein utbyggjar, med atterhald om at kommunestyret godkjenner det.

Til politisk handsaming

Saka skal opp i styret for Ulstein eigedomsselskap i kveld (måndag 28. august). Deretter går det vidare til fellesrådet i morgon (tysdag) for handsaming. Det skal også innom levekårsutvalet og formannskapet for handsaming, før det blir endeleg vedteke i kommunestyret.