- Dette er så trist. Eg vart svært lei meg då eg kom på jobb måndag morgon og oppdaga øydeleggingane utanfor butikken vår, seier Anja Nykrem Korshaug, drivar av dameklebutikken An Chri i Ulsteinvik sentrum.
For å lage det pent i sentrum under julehandelen hadde Nykrem Korshaug gått til innkjøp av to juletre, doble lyslenkjer til å ha på begge trea, mold og lecakuler. Saman med ein butikktilsett planta ho juletrea i to tunge betongurner.
- Det vart rett og slett lekkert då lysa kom på, og det gjorde det ekstra trist å kome på jobb i dag, legg ho til.
Synet som måtte henne var opprivne og fjerna juletre og mold og lecakuler som låg strødd utover fortauet framfor butikken.
Og lyslenkene er borte.
Det er å tru på julenissen å tru at det er Europris-nissen som har teke dei - - -.