Hareid kommune har laga ein julehelsing til innbyggjarane som blir flittig delt i sosiale media. Filmen viser elevar, lærarar og andre kommunalt tilsette medan dei lagar julepynt, speler julespel, pyntar juletre og andre situasjonar. Det høyrest kanskje ikkje så spesielt ut, men det som gjer filmen spesiell er at filmen er laga etter den virtuelle trenden Mannequin Challange.
Dette er eit fenomen der personane på filmen frys i ein spesiell situasjon, medan kameraet virrar rundt i rommet, akkurat som det forflyttar seg i eit bilete, berre at det er tredimensjonalt.
Ordføraren sin idé
Camilla Tangen Nanseth har utdanning frå film og TV-produksjon og arbeider som konsulent på Hareid Rådhus. Ho fortel at det var måndag morgon (denne veke) at ho kom på at det skulle vore laga ei julehelsing til alle i Hareid, ja gjerne til Ulstein også. Ho tenkte at på denne tida er det mykje juleaktivitetar på skulane. Kanskje ho kunne filme det?
Ho lufta ideen sin for ordførar Anders Riise i lønsjen. Han synest det var ein veldig god idé. Så føreslo han at dei kunne bruke Mannequin Challenge. Det hadde han sett at Namsos kommune hadde gjort.
– Og det var jo ein fantastisk idé! seier Nanseth.
Rask produksjon
Etter lønsj drog Nanseth ut til fleire av dei kommunale skulane, utan avtale på førehand. Og lærarar og elevar stilte sporty opp.
– Det var utruleg at dei stilte opp. Det var ingen som gjekk ut av rommet, fortel filmskaparen. Ho fekk filma ein del måndag, og noko filma ho tysdag.
– Eg var heldig og fekk filma med drone tysdag, før stormen blåste opp, fortel ho.
Onsdag fekk ho klipt saman filmen og lagt han ut på YouTube og Facebook. Sidan har mange delt og sett filmen. Filmen er alt sett over 1500 gonger.
Gjort suksess tidlegare
Camilla Tangen Nanseth har også gjort suksess med kommunefilm tidlegare. Det er ho som har laga filmen "Happy in Stordal", der innbyggjarar i Stordal dansar. Ein film til å bli i godt humør av. Denne filmen vart også flittig sett og delt. Filmen er sett over 22 000 gonger på YouTube.
Når tida står stille
"Mange gode augneblink blir til medan tida står stille. Nyt jula!" sluttar filmen "Julehelsing frå Hareid kommune" med. Det er gode ord å ta med seg inn i julehøgtida.