Vedtaket om minsteløna tok til å gjelda frå 1. desember og inneber at utanlandske arbeidarar får 45 kroner meir i timeløn. Verfta på Vestlandet har tidlegare protestert på at minsteløna også skal gjelda inngåtte kontraktar, men har ikkje fått gjennomslag for dette, fortel NRK Sogn og Fjordane. Det fører til at verfta får stor auke i lønsutgiftene, og fare for milliontap og nedbemanningar. Verfta har tidlegare varsla søksmål mot staten dersom ikkje minsteløna vart fjerna. NHO-direktør for arbeidsliv, Sigrun Vågeng seier til NRK Sogn og Fjordane at dei støttar eit slikt søksmål. – Vi meiner vedtak som er fatta bør prøvast juridisk for å sjå om det er fatta eit rett vedtak. Så snart vi veit om verfta ynskjer å ta saka vidare, vil vi eventuelt hjelpa verfta vidare med eit slikt søksmål, seier Vågeng.