Politiet stadfester at fire personar er omkomne i brannen på Flusund. Det har framleis ikkje vore mogleg å gjennomsøke huset, men politiet har observert fire omkomne inne i huset. Politiet arbeider med å få klarlagt kven die omkomne er, og å få varslet dei pårørande. I følgje politiet var huset som brann på Flusund i Herøy kommune i natt utleigd. Huset var imidlertid disponert av andre personer då brannen braut ut. Ifølge opplysningane som politiet har mottatt har det vore fest i huset i løpet av natta. Det er rapportert om at over 20 personar har vore inn og ut av huset i løpet av natta. Politiet arbeider med å få klarlagt kven de omkomne er, og å få varsla dei pårørende.
Kontakttelefon for pårørande
Herøy kommune har opna sentralbordet i samband med brannen på Flusund. Pårørande kan ringe tlf: 70 08 13 00. Då vil dei kunne verte formidla vidare til kriseteamet i Herøy. Kirketorget i Herøy kirke vil også vere ope i dag, søndag.